Hjelpesenteret for Scribble Maps
Byt språk

Endre endeavslutninga på ei rett linje, frihandslinje, nøyaktig bylgjelinje eller flylinje

Notat: Endeavslutningane på ei linje kan vere anten: firkanta eller runde.
 

Teikn linja

  1. I verktøylinja øvst ser du talet for linjetjukkleiken. Til høgre ser du linjestil-velgjaren. Til høgre ser du knappen for endeavslutningsstilen som viser anten: firkanta eller runde.
    Det noverande valet er den opphavlege stilen for endeavslutningane.
     
  2. I Kart-Visninga teiknar du linja.
    For å lære korleis du teiknar linjer, gå til desse lenkjene:
     

    Linjeverktøy—Teikn ei rett linje, tilkopla linjer, flylinje eller målelinje

    Draw Tool—Teikn ei frihandslinje

    Pen/Bylgjelinjeverktøy—Teikn ei nøyaktig bylgjelinje
 

Endre endeavslutningsstilen

  1. I verktøylinja øvst klikkar du på den opphavlege stilen som viser verktøytipset: "Sets the cap on lines to square or round".
    Etter at du har klikka på knappen, ser du at knappen endrar seg til den nye stilen.
     
  2. I verktøylinja øvst vel du "Fill/Change Colour Tool".
    Snøggtast: Eller du kan trykkje på "G"-knappen på tastaturet.
     
  3. I Kart-Visninga klikkar du på linja.
    Du ser at endeavslutningane på linja har endra seg til den nye stilen.
 

Sjå også

Endre fargen på ei rett linje, frihandslinje, nøyaktig bylgjelinje eller flylinje

Endre tjukkleiken på ei rett linje, frihandslinje, nøyaktig bylgjelinje eller flylinje

Endre stilen på ei rett linje, frihandslinje, nøyaktig bylgjelinje eller flylinje

Kopier fargen/stilen/tjukkleiken/endeavslutningsstilen frå ei linje til ei anna linje

 
 

Sist oppdatert