Endre stilen på ei rett linje, frihandslinje, nøyaktig bøygd linje eller flylinje
Teikn linja
- I verktøylinja øvst ser du talet for linjetjukkleiken. Til høgre for veljaren for linjetjukkleik klikkar du på linjestilen som viser verktøytipset: "Endre linje-/kantstil".
- I nedtrekksmenyen vel du kva som skal vere den opphavlege linjestilen.
Til dømes: ei heil linje, utan pilspissar.
- I Kartvising teiknar du linja.
For å lære korleis du teiknar linjer, gå til desse lenkjene:
Linjeverktøy – teikn ei rett linje, tilkopla linjer, flylinje eller målelinje
Teikneverktøy – teikn ei frihandslinje
Penn-/bylgjelinjeverktøy – teikn ei nøyaktig bøygd linje
Endre stilen på linja
- I verktøylinja øvst klikkar du på den opphavlege linjestilen. Klikk deretter for å velje den nye linjestilen i nedtrekksmenyen.
Vel til dømes at den nye linjestilen skal vere: ei stipla linje.
- I verktøylinja øvst vel du Fyll/Endre fargeverktøyet.
Snøggtast: Eller du kan trykkje på "G"-knappen på tastaturet.
- I Kartvising klikkar du på linja.
Du ser at linja har fått den nye stilen.
Sjå også
Endre fargen på ei rett linje, frihandslinje, nøyaktig bøygd linje eller flylinje
Endre tjukkleiken på ei rett linje, frihandslinje, nøyaktig bøygd linje eller flylinje
Endre endeavslutningsstilen på ei rett linje, frihandslinje, nøyaktig bøygd linje eller flylinje
Kopier fargen/stilen/tjukkleiken/avslutningsstilen frå éi linje til ei anna
Sist oppdatert